Ungdomskort

ungdomskort  
Ungdomskort

Pris: kr 370 for 30 dagar.

Det nye elektroniske ungdomskortet kan påfyllast ein periode på 30 dagar - uavhengig av kalendermånad.


Det elektroniske ungdomskortet vil virke slik det manuelle gjer i dag, men det gjeld i 30 dagar frå dagen det vert fylt på (ikkje kalendermånad). 
Kortet er personleg og må difor kjøpast på ruteselskapet sin salsstad første gongen. Hugs å ta med bilete og gyldig i.d.! Gyldig i.d. er pass, bankkort og førarkort. Dersom du bestiller ungdomskort med e-post, må du sende med kopi av gyldig i.d. og scanne bilete i god kvalitet. (Bilete vert sletta etter bruk). Neste periode kan fyllast på kor som helst på andre ferjer/båtar/bussar tilhøyrande i fylket. Kortet gjeld på alle reiser innanfor Sogn og Fjordane! Kortet gjeld personar mellom 16 og 19 år (til den dagen dei fyller 20 år).

Personar som nyttar ungdomskort og periodekort må óg alltid ha på seg gyldig i.d. Dette er naudsynt i tilfelle kontroll. Data som syner reisemønster i høve til namn og kortnummer, vert lagra i systemet nokre månader for rekneskapshøve. Data om einskilde personar/kort vert deretter sletta.
(Jfr. gjeldande reglar, sjå www.ruteinfo.net).

Søknad om elektronisk kort her.
telefon
fax
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
ruteopplysning 177
Firda Billag AS
Postboks 204, 6802 Førde
Besøksadresse:
Storehagen 4, 6800 Førde
Opningstider:
måndag - fredag kl. 07.30 - 15.30