Opningstider jula

Opningstider for publikum i jula ved hovudkontor i Førde

Julafta: kl.10:00 – 12:00
Romjula: kl.10:00 – 15:00
Nyttårsafta: kl.10:00 – 12:00

Vi ynskjer alle våre kundar og passasjerar GOD JUL og GODT NYTT ÅR!

Ny administrerande direktør i Firda Billag AS

Styret i Firda Billag har tilsett Nils Huus som ny administrerande direktør i Firda Billag AS med verknad frå 1.11.19.
Huus vil  samtidig fortsette som dagleg leiar i Transferd AS.

Vi ynskjer Nils Huus lukke til i stillinga.

 

Firda Billag - årets lærebedrift 2018

Firda Billag – årets lærebedrift 2018

Firda Billag har vorte kåra til årets lærebedrift 2018 innan transportfaga. Kåringa var på Lillestrøm 25.09.2019.
Firda Billag har hatt lærlingar i yrkessjåfør- og logistikkfaget sidan 1998 og har vore medlemsbedrift hjå Opplæringskontoret for Transport og Logistikk sidan starten.
Etter 2011 er opplæringa fordelt på dei to selskapa Transferd AS og Firda Billag Buss AS.

Vi har utdanna ca. 80 yrkessjåførar og logistikkarbeidarar gjennom lærlingsystemet.

Vi er svært glad og stolt over utmerkinga. Dette gir inspirasjon til ennå større satsing framover.

Heider til tilsette i Firda Billag-gruppa

På ei tilstelning på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde 5. januar 2019 var det markering av tilsette som har jobba i selskapet i 25 år, samt markering av tilsette som har gått av med alderspensjon i løpet av 2018.

 

 

Sogn og Fjordane Mållag har tildelt årets målpris til Firda Billag

Henta frå avisa Firda:

Det var på laurdagens årsmøte til Sogn og Fjordane Mållag i Sogndal, mållaget delte ut årets målpris til Firda Billag, skriv Sogn og Fjordane Mållag i ei pressemelding.
Det interkommunale transportselskapet mad base i Førde vart starta i 1920, og har ifølgje pressemeldinga hatt nynorsk som administrasjonsspråk sidan selskapet frå mållagshald vart oppfordra til å trykkje ruteheftet sitt på nynorsk i 1934.
I dag er Firda Billag ein stor og viktig aktør på person- og godstransport og der språk er ein del av identiteten. Både morselskap og alle dotterselskap nyttar nynorsk i alt skriftleg materiale, både på papir og nett. Dagens direktør for selskapet, Peter Midthun, er òg ein god ambassadør for nynorsk og han har på ein framifrå måte ført vidare arven frå 1934, heiter det i grunngjevinga frå mållaget.
– Dette er eg oppriktig glad for, sa Midthun då han tok mot prisen. Han sa vidare det er eit ufråvikeleg krav at skriftleg materiale frå billaget, skal vere på nynorsk.
Direktøren var klar på at han personleg er oppteken av korrekt målbruk, og at han opplever mykje dårleg språk både i media og elles i samfunnet. Noko av skulda for dette legg Midthun på utstrekt bruk av sosiale media mellom folk flest, samt det som har utvikla seg til eit eige SMS-språk.