Sogn og Fjordane Mållag har tildelt årets målpris til Firda Billag

Henta frå avisa Firda:

Det var på laurdagens årsmøte til Sogn og Fjordane Mållag i Sogndal, mållaget delte ut årets målpris til Firda Billag, skriv Sogn og Fjordane Mållag i ei pressemelding.
Det interkommunale transportselskapet mad base i Førde vart starta i 1920, og har ifølgje pressemeldinga hatt nynorsk som administrasjonsspråk sidan selskapet frå mållagshald vart oppfordra til å trykkje ruteheftet sitt på nynorsk i 1934.
I dag er Firda Billag ein stor og viktig aktør på person- og godstransport og der språk er ein del av identiteten. Både morselskap og alle dotterselskap nyttar nynorsk i alt skriftleg materiale, både på papir og nett. Dagens direktør for selskapet, Peter Midthun, er òg ein god ambassadør for nynorsk og han har på ein framifrå måte ført vidare arven frå 1934, heiter det i grunngjevinga frå mållaget.
– Dette er eg oppriktig glad for, sa Midthun då han tok mot prisen. Han sa vidare det er eit ufråvikeleg krav at skriftleg materiale frå billaget, skal vere på nynorsk.
Direktøren var klar på at han personleg er oppteken av korrekt målbruk, og at han opplever mykje dårleg språk både i media og elles i samfunnet. Noko av skulda for dette legg Midthun på utstrekt bruk av sosiale media mellom folk flest, samt det som har utvikla seg til eit eige SMS-språk.