Treng fleire sjåførar – Roald (74) held hjula i gang

Noreg treng 1000 fleire bussjåførar kvart år. I Naustdal skulle Roald Herstad (74) for lengst ha vore pensjonist, men han køyrer framleis buss. Det er redninga for Firda Billag Buss. Han er ein av to sjåførar på 74 år som framleis køyrer buss for Firda Billag Buss i Naustdal i Sunnfjord kommune. Gjennomsnittsalderen for sjåførane i selskapet er 59 år.

I år er Firda Billag 100 år. Frode Romarheim, dagleg leiar i Firda Billag Buss, legg planar for korleis selskapet skal bli nye 100 år. Selskapet har bl.a. tett samarbeid med Opplæringskontoret for transport- og logistikkfag. I tillegg skal ein bruke sosiale medium til å nå fleire arbeidssøkjarar. Det viktig å framsnakke bussjåfør som eit yrke.

Roald Herstad meiner det er eit givande yrke med ein variert arbeidsdag. Der er mange positive element med å vere bussjåfør og han meiner løna er betre enn mange skal ha det til. I Naustdal nærmar det seg siste bussturen bak rattet for Roald Herstad. Til sommaren blir han 75 år og då får han ikkje lov å køyre buss i rute.

Sjå artikkel på NRK Sogn og Fjordane: Klikk her for artikkel