Ledig stilling

Firda Billag AS er eit transportselskap eigd av 10 kommunar i Vestland fylke.

Firda Billag Buss AS driv med ordinær rutekøyring og skulekøyring i Nordfjord, Sunnfjord og deler av Sogn. Selskapet driv også med ekspressbussruter og turkøyring. Selskapet er eigd 50% av Norgesbuss AS og 50% av Firda Billag AS.

Godsaktivitetane vert utført av selskapet Transferd AS. Transferd eig 51% i selskapet SRB Anleggstransport AS i Ålesund, 50% i selskapet Airlift Solutions AS som driv med inspeksjon med droner og 49,5% i selskapet SumTrans AS som innhentar hushaldningsavfall.

I tillegg eig Firda Billag AS Fjordane Bilutleige AS, Fjordane Reisebyrå AS og 50% av selskapet Trucknor Firda AS.
Hovudadministrasjonen ligg i Førde. Firda Billag gruppa har om lag 425 tilsette.

Vi har for tida ingen ledige stillingar. Du er likevel velkomen til å kontakte oss.