Konsernstruktur

Firda Billag AS er eigd av 13 kommunar i Sogn og Fjordane i lag med Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Selskapet har følgjande forretningsområde:

Skule- og rutekøyring:
Gjennom avtale med Sogn og Fjordane Fylkeskommune køyrer vi personruter og skuleruter i Sunnfjord, Nordfjord og deler av Sogn. All bussdrift skjer i selskapet Firda Billag Buss AS. Dette selskapet er eigd med 50% av Norgesbuss AS og 50% av Firda Billag AS.

Ekspressbuss:
Saman med andre selskap driv Firda Billag Buss ekspressbussruter mellom Sogn og Fjordane og Bergen, Oslo, Trondheim og Ålesund (NX170-Sogn og Fjordane-Ekspressen og Fjordekspressen).

Turkøyring:
Firda Billag Buss har eiga turavdeling og utfører mange ulike turoppdrag.

Godstransport:
All godskøyring er samla i vårt dotterselskap; Transferd AS.
Gjennom Transferd gjennomfører vi mange ulike transportoppdrag:
– Distribusjon og langtransport, anna spesialtransport
– Anleggstransport, gjennom Transferd sitt dotterselskap; SRB Anleggstransport der vi eig 51%

Reisebyrå:
Reisebyråaktivitetane vert gjort gjennom vårt dotterselskap; Fjordane Reisebyrå AS.
Fjordane Reisebyrå er tilknytta Travelnet-kjeden og er eit fullservice reisebyrå. Reisebyrået produserer kvart år si eiga avis; Ferieavisa der årets tilbod vert presentert.
I tillegg driv reisebyrået flyplasstenesta på Bringeland.

Bilutleige:
Firda Billag har ein eigen bilutleigeaktivitet organisert gjennom Fjordane Bilutleige AS. Vi er tilknytta AVIS-kjeden og har ca. 120 bilar for utleige.

Verkstad:
Verkstadtenestene vert utført av vårt dotterselskap Trucknor Firda AS der vi eig 50%. Trucknor Firda utfører reparasjonar av buss og lastebil og har eigen karosseriavdeling.

Eigedom:
Firda Billag eig eigedomar på ulike stadar i fylket. Noko av eigedomsmassen nyttar vi sjølv og noko leiger vi ut.

I Firda Billag-gruppa er det ca. 450 tilsette og ca. 300 bussar/lastebilar. Omsetning i år 2017 var kr 569,9 mill.