Miljø

Firda Billag Buss er miljøsertifisert etter ISO 14001:2004 og har som mål å bidra til ein berekraftig kollektivbransje. Selskapet har utvikla eit leiingssystem for miljø slik at vi til ein kvar tid skal overhalde samsvarsforpliktingar, lovbestemte og eigendefinerte krav som omhandlar miljøet. Firda Billag Buss har eit internt miljøengasjement og kontinuerleg fokus på å forbetre eigen miljøprestasjon.

Firda Billag Buss AS skal:

  • Ha høgt fokus på bevisstgjering og opplæring i miljøvennleg og sikker køyrestil for å redusere utslepp og skader
  • Ha eit bevist miljøforhold til leverandørar ved å sette miljøkrav ved innkjøp
  • Aktivt følgje utvikling innan miljøområdet ved å søkje ny motorteknikk og nye drivstoffløysingar, samt prioritere miljømerka eller miljøtilpassa produkt ved innkjøp
  • Jobbe aktivt for at fleire reiser kollektivt
  • Ha høg kvalitet og strenge rutinar i avfallshandtering og jobbe aktivt for å redusere energibruken

Les meir om utprøving av hybridbussar: Klikk her