Jobb hos oss
Bli bussjåfør i dag – vi dekker utdanninga di!
Firda Billag Buss AS tilbyr no, i samarbeid med Skyss og Vestland Fylkeskommune, gratis bussjåførutdanning til aktuelle kandidatar i kontraktsområda våre i Sunnfjord og Nordfjord.
Du vil få dekka kostnadane til utdanningsløpet og YSK og blir sikra fast jobb etter godkjent utdanning.
Som fast tilsett hos oss, får du tariffesta løn, gode pensjonsordningar og eit godt arbeidsmiljø i vakker Vestlandsnatur. Du får og ein trygg og sikker arbeidsplass.
Alle søkarane blir vurdert fortløpande, så ingen grunn til å vente med å søke!
VIL DU BLI VÅR NYE KOLLEGA ?
BUSSJÅFØR I DAVIK
Firda Billag Buss søkjer etter bussjåfør i 100% stilling med arbeidsstad Davik. Tiltreding etter avtale.
Er dette deg?
- Ansvarsbevisst og serviceinnstilt
- Gode kommunikasjonsevner (norskkunnskapar)
- Godt humør og eit ynskje om å ta del i eit aktivt miljø
- Har dei nødvendige førarkort og godkjenningar for stillinga
- Trivast i rolla som bedrifta sitt ansikt utad
- Ynskjer å bidra til å oppfylle vår visjon ”Ditt sikraste val”
Vi kan tilby:
- Ein inkluderande arbeidsplass med dyktige kollega
- Ein ansvarsfull og sjølvstendig jobb
- Ein variert arbeidsdag
- Eit yrke med gode framtidsutsikter
- Jobbe med menneske
- Ordna arbeids- og lønsforhold
- Afp-ordning, pensjons-, ulykkes- og gruppelivsforsikring
- Bedriftshelseteneste
Ynskjer du å jobbe som bussjåfør så ikkje nøl med å ta kontakt.
Dersom du ikkje har førarkort eller nødvendig dokumentasjon for stillinga, ta kontakt for ein samtale.
Kontaktperson: Linda Førde Svarstad tlf. 909 09 806.
Søknad med CV og kopi av førarkort og andre bevis for stillinga sendast til post@firda-billag.no
Søknadsfrist: 10.05.2024.
BUSSJÅFØR – EIT SIKKERT YRKE!
Vi er i stadig behov for fleire dyktige sjåførar.
Firda Billag Buss AS er opptatt av å levere tjeneseter av høg kvalitet, og fokus på at våre passasjerar får ein trygg og god reiseoppleving. Vi har stadig behov for fleire dyktige sjåførar som ynskjer å bidra til å oppfylle vår visjon ”Ditt sikraste val”. Vi oppmodar kvinner å søkje!
Vi ynskjer at du:
- Er ansvarsbevist og serviceinnstilt
- Har godt humør og eit ynskje om å ta del i eit aktivt miljø
- Har dei nødvendige førarkort og godkjenningar for stillinga
- Trivast i rolla som bedrifta sitt ansikt utad
Vi kan tilby:
- Eit godt arbeidsmiljø
- Ein ansvarsfull og sjølvstendig jobb
- Ein variert arbeidsdag
- Eit yrke med gode framtidsutsikter
- Bidra til eit betre miljø og klima
- Afp-ordning, pensjons-, ulykkes- og gruppelivsforsikring
- Bedriftshelseteneste
Ynskjer du å jobbe som bussjåfør hos oss, eller har spørsmål om sjåfør yrket, ynskjer vi å høyre frå deg 🙂
Send oss ein open søknad: post@firda-billag.no
———————————————————————————————————————————————————————————————————
——————————————————————————————————————————–