Konsernstruktur

Firda Billag AS er eigd av 10 kommunar i Vestland fylke, og har følgande forretningsområde.

Persontransport

Gjennom avtale med Vestland Fylkeskommune køyrer vi personruter og skuleruter i Sunnfjord, Nordfjord og deler av Sogn. All bussdrift skjer i selskapet Firda Billag Buss AS. Dette selskapet er eigd med 50% av Norgesbuss AS og 50% av Firda Billag AS.

Ekspressbuss

Saman med andre selskap driv Firda Billag Buss ekspressbussruter mellom Sogn og Fjordane og Bergen, Oslo, Trondheim og Ålesund (VY 170 Sogn og Fjordane-Ekspressen og Fjordekspressen).

Turkøyring

Firda Billag Buss har eiga turavdeling og utfører mange ulike turoppdrag.

Godstransport

All godskøyring er samla i vårt dotterselskap; Transferd AS.
Med Transferd utfører vi mange ulike transportoppdrag:

  • Distribusjon og langtransport, anna spesialtransport
  • Anleggstransport, gjennom SRB Anleggstransport
  • Renovasjon, gjennom SumTrans
  • Droneinspeksjon og -transport, gjennom Airlift Solutions

Reisebyrå

Reisebyråaktivitetane vert gjort gjennom vårt dotterselskap; Fjordane Reisebyrå AS.
Fjordane Reisebyrå er tilknytta Travelnet-kjeden og er eit fullservice reisebyrå. Reisebyrået produserer kvart år si eiga avis; Ferieavisa der årets tilbod vert presentert.

Bilutleige

Firda Billag har ein eigen bilutleigeaktivitet organisert gjennom Fjordane Bilutleige AS. Vi er tilknytta AVIS-kjeden og har ca. 130 bilar for utleige.

Verkstad

Verkstadtenestene vert utført av vårt dotterselskap Trucknor Firda AS. Trucknor Firda utfører reparasjonar av buss og lastebil og har eigen karosseri- og lakkavdeling.

Eigedom

Firda Billag eig eigedomar på ulike stadar i fylket. Noko av eigedomsmassen nyttar vi sjølv og noko leiger vi ut.