Kundekort

Elektroniske kundekort for buss og båt i Sogn og Fjordane.

I dag kan du betale med dei fleste kredittkort, online-kort og kontantar. Første gong du kjøper eit kort, må du betale 100 kr i pant for produksjon av kortet. Pant vert refundert på alle kort som ikkje skal brukast meir, og som vert innlevert. Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje panten refundert.

Om du ynskjer refusjon (pant) for eitt utgått Firda Billag produsert Verdikort, Ungdomskort eller Periodekort, og ikkje kan nå oss i opningstida, send oss kortet i posten saman med siste billett, betalingsinformasjon, kontonummer, tlfnr og namn det skal refunderast til. Send dette til Firda Billag Buss AS, Postboks 204, 6802 Førde.

Har du spørsmål kring Periodekort og Ungdomskort, send oss elektronisk post til: kort@firda-billag.no

Verdikort

Valfrie påfyllingsbeløp på buss;
kr 300, kr 500 eller kr 1000

Kortet kjøper du direkte på buss, båt eller ferje.

Les meir om verdikort →

Ungdomskort

Hugs bilete, gyldig legitimasjon og studentkort ved kjøp og påfylling av kortet.

Pris: kr 365 for 30 dagar.
Det nye elektroniske ungdomskortet kan påfyllast for ein periode på 30 dagar – uavhengig av kalendermånad.

Les meir om ungdomskort →
Søknad om elektronisk kort her →

Periodekort

Hugs bilete, gyldig legitimasjon og studentkort ved kjøp og påfylling av kortet.

Pris: Varierer etter reiselengda kortet skal gjelde for,
men gjev ca 40% rabatt ved 20 tur-retur reiser pr månad.

Les meir om periodekort →
Søknad om elektronisk kort her →
Pristabell →

Studentkort

Hugs bilete, gyldig legitimasjon og studentkort ved kjøp og påfylling av kortet.

Er du student ved ein fagskule, teknisk fagskule, høgskule eller universitet, og er under 30 år, kan kjøpe eit studentkort. Studentkort er det same som eit periodekort, men du får 40% rabatt i tillegg til den vanlege periodekortrabatten.

Vilkåra elles er like som for eit periodekort.

Les meir om studentkort →
Søknad om elektronisk kort her →
Pristabell →