Endring av reisekort i Sogn og Fjordane

Frå og med 20. juni blir fleire av reisekorta frå Kringom ugyldige. Sjå informasjon på skyss.no for kva kort det gjeld, om du kan nytte kortet ditt ut perioden og kva du kan få refusjon for her: https://skyss.no/velkommen

Om du ønsker refusjon for eitt Kringom Verdikort, Ungdomskort eller Periodekort produsert av Firda Billag AS, må du sende oss kortet i posten saman med kontonummer, telefonnummer, namn og adresse det skal refunderast til.

Send dette til:
Firda Billag AS
P:B 204
6801 Førde

Ønsker du refusjon for attståande dagar på periodekort/ungdomskort, må du be om dette innan 30. september 2022.

Dersom kortet er øydelagt, vert ikkje panten refundert.