Miljøarbeid

Vår miljøpolitikk

Firda Billag Buss er miljøsertifisert etter ISO 14001 og har som mål å bidra til ein berekraftig kollektivbransje. Selskapet har utvikla eit leiingssystem for miljø slik at vi til ein kvar tid skal overhalde samsvarsforpliktingar, lovbestemte og eigendefinerte krav som omhandlar miljøet. Firda Billag Buss har eit internt miljøengasjement og kontinuerleg fokus på å forbetre eigen miljøprestasjon.

Firda Billag Buss AS skal:

  • Ha høgt fokus på bevisstgjering og opplæring i miljøvennleg og sikker køyrestil for å redusere utslepp og skader
  • Ha eit bevist miljøforhold til leverandørar ved å sette miljøkrav ved innkjøp
  • Aktivt følgje utvikling innan miljøområdet ved å søkje ny motorteknikk og nye drivstoffløysingar, samt prioritere miljømerka eller miljøtilpassa produkt ved innkjøp
  • Jobbe aktivt for at fleire reiser kollektivt
  • Ha høg kvalitet og strenge rutinar i avfallshandtering og jobbe aktivt for å redusere energibruken
  • Engasjere seg i kontinuerleg forbetring av leiingssystemet for miljø for å forbetre eigen miljøprestasjon.

Våre miljømål 2023

  • Redusere forbruk av drivstoff på store bussar med 2%  
  • Redusere tomgangskøyring med 2% poeng 
  • Tal skadar skal ikkje overstige 120  
  • standard kjemikalieliste med maks 50 produkt  
  • Ikkje ha uønska hendingar som medfører vesentleg miljøutslepp