Bestill turbuss

Firda Billag har lang erfaring når det gjeld turkøyring og vi utfører alt frå korte dagsturar til lengre reiser med overnatting. Firda Billag eig Fjordane Reisebyrå som arrangerer bussturar for små og store grupper. Reisebyrået skreddarsyr reiseopplegg som inkluderer transport, overnatting, matservering, guide og opplevingar.

Firda Billag har også i mange år samarbeidd med turoperatørar om turkøyring i Norden, Skandinavia, Tyskland, Polen og Baltikum. Mange av våre sjåførar har derfor lang internasjonal erfaring og har god kunnskap, både når det gjeld lokale forhold og geografi. Frå april til oktober fraktar vi mange cruisebåtpassasjerar i Nordfjord, Florø og Sunnmøre.

Turbussparken er mangfaldig og dekker dei fleste transportbehova. Vi har turbussar med 22 regulerbare sete med god bagasjeplass til større bussar med opp til 50 sete med god seteavstand, toalett, internettilgang m.m. Vi legg vekt på at bussane skal vere ein komfortabel og behageleg del av reisa.

Sjåførar med lang erfaring

Ved sida av vanleg rutekøyring har våre trivelege og serviceinnstilte sjåførar lang erfaring frå turbusskøyring i inn og utland. Sjåførane er med på å skape ei god atmosfære i bussen og vil gi deg ei behageleg og trygg reise.

Turbuss

Vi kan tilby bussar tilpassa dine behov. Vi har turbussar med opptil 53 sete.

Våre moderne og miljøvenlege turbussar held høg komfort og du får god bagasjeplass. Ein turbuss er i dag eit svært sikkert transportmiddel med fasilitetar som:

  • sikkerheitsbelte i alle sete
  • eige guidesete med mikrofon
  • air condition
  • cd, dvd og skjermar
  • komfortable sete med individuelle leselys
  • toalett
  • kjøleskåp
  • i nokre turbussar kan vi også tilby trådlaust internett som kan nyttast under heile reisa
  • Bevertning undervegs
  • Vi ordnar med mineralvatn og smørbrød dersom du ønsker det.

Minibuss

Vi har bussar frå 16 til 22 sete med bagasjeplass og som kan nyttast til både kortare og lengre turar.

Veteranbuss

Vi har to veteranbussar; S-1932 (35 sete) og S-7013 (41 sete).

I tillegg har vi Adler (1913-modell) og Chrysler (1954-modell) som vi leiger ut til bryllaup og andre arrangement.

Kontakt oss

Kontakt oss på e-post: turbuss@firda-billag.no eller fyll ut kontaktskjema for eit uforpliktande tilbod på bussleige.