Kontantbetaling om bord på buss

Det vert opna for bruk av kontantar på alle Kringom sine bussar i Sogn og Fjordane frå 13.september 2021.
Sjåførane skal frå denne datoen igjen ta imot kontantar om bord i bussane, både ved kjøp av enkeltbillett og ved påfylling av reisekort.

Skyss/Kringom oppmodar framleis dei som kan, om å kjøpe billett med bankkort eller bruke reisekort. Det er bankterminal i alle Kringom sine bussar, der det er muleg med kontaktlaus betaling.

Reisande kan også bruke Kringom sine reisekort: periodekort, verdikort og ungdomskort.