Ledig stilling – bussjåfør Davik

VIL DU BLI VÅR NYE KOLLEGA ?
BUSSJÅFØR I DAVIK

Firda Billag Buss søkjer etter bussjåfør i 100% stilling med arbeidsstad Davik. Tiltreding etter avtale.

Er dette deg?

  • Ansvarsbevisst og serviceinnstilt
  • Gode kommunikasjonsevner (norskkunnskapar)
  • Godt humør og eit ynskje om å ta del i eit aktivt miljø
  • Har dei nødvendige førarkort og godkjenningar for stillinga
  • Trivast i rolla som bedrifta sitt ansikt utad
  • Ynskjer å bidra til å oppfylle vår visjon ”Ditt sikraste val”

Vi kan tilby:

  • Ein inkluderande arbeidsplass med dyktige kollega
  • Ein ansvarsfull og sjølvstendig jobb
  • Ein variert arbeidsdag
  • Eit yrke med gode framtidsutsikter
  • Jobbe med menneske
  • Ordna arbeids- og lønsforhold
  • Afp-ordning, pensjons-, ulykkes- og gruppelivsforsikring
  • Bedriftshelseteneste

Ynskjer du å jobbe som bussjåfør så ikkje nøl med å ta kontakt.
Dersom du ikkje har førarkort eller nødvendig dokumentasjon for stillinga, ta kontakt for ein samtale.

Kontaktperson: Linda Førde Svarstad tlf. 909 09 806.

Søknad med CV og kopi av førarkort og andre bevis for stillinga sendast til post@firda-billag.no

Søknadsfrist: 10.05.2024