Bli bussjåfør i dag – vi dekker utdanninga di!

Har du lyst til å bli bussjåfør, men manglar nødvendig sertifikat?

Då er dette mogelegheita di til å sikre deg gratis utdanning og fast jobb!

Firda Billag Buss AS tilbyr no, i samarbeid med Skyss og Vestland Fylkeskommune, gratis bussjåførutdanning til aktuelle kandidatar i kontraktsområda våre i Sunnfjord og Nordfjord.

Du får dekka kostnadane til utdanningsløpet og YSK og er sikra fast jobb etter godkjent utdanning.

Som fast tilsett hos oss får du tariffesta løn, gode pensjonsordningar og eit godt arbeidsmiljø i vakker vestlandsnatur. Du får og ein trygg og sikker arbeidsplass.

Alle søkarane vert vurdert fortløpande, så det er ingen grunn til å vente med å søke!

Kven vi ser etter?
Vi ynskjer at du likar å ha kontakt med personar, likar å yte god service, trivst bak rattet og ynskjer ein ansvarsfull jobb. Kvardagen kan vere både variert og rutineprega, alt etter kva du ynskjer.

Du må ha sertifikat kl. B og minimum tilfredstille norsk krav B1.

Prosessen vidare:
• Firda Billag Buss AS vil fortløpande kontakte aktuelle kandidatar og avtale intervju.
• Vi veljer ut aktuelle kandidatar som vil få tilbod om utdanning, og det blir gjennomført testkøyring.
• Når du er ferdig utdanna bussjåfør og har fått godkjent køyreseddel, vert du fast tilsett i Firda Billag Buss AS.
• Ordninga forutset 3 års bindingstid i Firda Billag Buss AS.

Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt med dagleg leiar Lars Andreas Kårstad på tlf. 959 88 194 eller e-post: lars.andreas.karstad@firda-billag.no.

Søknadsskjema Jobb

  • Max. file size: 1 MB.