Historie

Firda Billag er ei samanslutning av mange transportselsap i Sogn og Fjordane. Firda Billag vart stifta med formål å drive passasjer- og godstransport frå Sognefjorden i sør til Nordfjorden i nord i oktober 1920, og er dermed eit av landet sine eldste selskap innan vegtransport.

Namnet vårt representerer røtene våre, kvar vi kjem frå og kva vi er. Firda eller Firðir var det gammelnorske namnet på området mellom Sogn og Sunnmøre, og betyr fjordene. Billag er samansett av bil – forkortinga av automobil, og lag – eit selskap, ein samanslutning, det å eige noko i lag.

Billaget vart stifta ei tid då innanlandstransporten vart utført med hest, og det var eit stort behov for effektive transportløysingar for både gods og reisande.

1920

Trong for ein effektiv passasjer – og godstransport mellom fjordane

Fram til byrjinga av 1900-talet var om lag all transport til og frå Bergen med dampskip via sjøvegen til kai i Sogn og Fjordane og deretter med hest inn i landet. Etter kvart som ein starta å bygge veg kunne ein nytte bil for å transportere passasjerar og gods frå kai og inn i landet.

Firda Billag vart stifta 18. desember 1920 for å få ein effektiv passasjer- og godstransport med bil frå kai i Vadheim ved Sognefjorden, og nordover i fylket, via Førde til Sandane samt på sidevegane som kunne køyrast med bil. Selskapet sin første bil var ein Adler 1913-modell som også i dag er i selskapet sitt eige

Som ein samanslutning av mange transportselskap i Sogn og Fjordane femnar Firda Billag derfor ei rik historisk reise gjennom regionen si utvikling i samferdsle og samfunnsliv i 100 år. Selskapet har eit rikhaldig historisk arkiv og fleire veterankøyretøy som administrerast og lagrast ved hovudkontoret i Førde. Nedanfor er ein oversikt over dei viktigaste milepælane i historia vår.

  • 1920

    Firda Billag stiftast

    Firda Billag vart stifta av kommunane Breim, Jølster, Førde og Gaular

  • 1921

    Første rutekøyring

    Kombinert passasjer og gods

    1921

  • 1921

    AS Fjordenes Automobilselskap kjøpt

    Selskapet vart skipa i 1912, og vart kjøpt og innlemma i billaget

  • 1933

    Passasjerbuss

    Selskapet kjøpte sin første buss for passasjertransport

    1933

  • 1934

    Fleire medlem

    Kommunane Gloppen og Kyrkjebø vart medlem i billaget

  • 1942

    Fleire medlem

    Kommunane Naustdal og Balestrand vart medlem i billaget

    1942

  • 1944

    Fleire medlem

    Kommunane Kinn, Eikefjord og Bru vart medlem i billaget

  • 1945

    Fleire medlem

    Flora Kommune vart medlem i billaget

    1945

  • 1946

    Oppkjøp og fleire medlem

    Dalsfjord og Ytre Sogn Billag vart kjøpt og Fylkesbaatane vart medlem i billaget

  • 1947

    Fleire medlem

    Kommunane Fjaler, Lavik, Hyllestad og Askvoll kom inn som medlem i billaget

    1947

  • 1950

    Oppkjøp og fleire medlem

    Hyen Billag vart kjøpt og Hyen kommune vart medlem i billaget

  • 1958

    Første faste godsrute

    Fjordane – Oslo

    1958

  • 1959

    Fleire medlem

    Kommunane Bremanger og Vevring vart medlem av billaget

  • 1964

    Fleire medlem

    Stryn kommune vart medlem av billaget

    1964

  • 1966

    Fjordane reisebyrå etablert

  • 1972

    Linjegods AS

    Firda Billag deltok i etableringa av Linjegods AS (no ein del av Schenker)

    1972

  • 1975

    Fjordane Bilutleige etablert

  • 1987

    Nor-Way Bussekspress AS etablert

    Etter initiativ av mellom andre Firda Billag

    1987

  • 1995

  • 2011

    Frå IKS til AS

    Overgang frå interkommunalt selskap (IKS) til aksjeselskap

    2011

  • 2011

    Oppkjøp og nyetablering

    Kjøp av Fjord1 Gods AS og Transferd AS vart etablert

  • 2018

    Nyetableringar

    Stifting av Airlift Solutions AS saman med Airlift

    Stifting av SumTrans AS saman med SUM

    2018

  • 2020

    100 års jubileum