Personvernerklæring

Her finn du informasjon om korleis Firda Billag AS samlar inn og bruker informasjon om besøkande på våre nettsider.

Informasjonskapslar (cookies)

Når du besøker heimesida vår, vil nettlesaren din laste ned informasjonskapslar. Du kan seie nei til lagring av informasjonskapslar, men det kan gjere at nettsidene ikkje fungerer optimalt.

Analyseverktøy

Vi nyttar Google Analytics for å samle statistikk på nettsidene våre slik at vi får innsikt i korleis vi kan gjere nettsidene betre. IP-adresser blir ikkje lagra og det er ikkje mogeleg for oss å knytte besøksstatistikk opp mot den enkelte besøkande.

Informasjon i elektroniske skjema

Når du fyller ut elektronsike skjema for kortbestilling, vil informasjonen du gjev frå deg bli sendt til den eininga som treng informasjonen til si sakshandsaming. Informasjonen blir lagra i Firda Billag sitt system, slik at det går raskare for deg å fornye kortet ditt.

Informasjon som blir lagra i våre system er:

  • Namn
  • Adresse
  • E-post
  • Telefonnummer
  • Bilete
  • Fødselsdato

Dersom du ikkje ynskjer at vi lagrar informasjon om deg, ta kontakt med kort@firda-billag.no.

Rettigheter

Alle har rett til å krevje innsyn i kva opplysningar som blir behandla, korleis og til kva formål etter personopplysningslova §18, 1.ledd. Alle har også rett til å krevje retting, sletting og overføring av data samt avgrensing i behandling av personopplysingar ut i frå lovgivinga.

Kontaktinformasjon

e-post: post@firda-billag.no

Telefon: (+47) 577 25 000

Postadresse: Firda Billag AS, Postboks 204, 6802 Førde