Miljøarbeid

Vår miljøpolitikk

Firda Billag Buss er miljøsertifisert etter ISO 14001 og har som mål å bidra til ein berekraftig kollektivbransje. Selskapet har utvikla eit leiingssystem for miljø slik at vi til ein kvar tid skal overhalde samsvarsforpliktingar, lovbestemte og eigendefinerte krav som omhandlar miljøet. Firda Billag Buss har eit internt miljøengasjement og kontinuerleg fokus på å forbetre eigen miljøprestasjon.

Firda Billag Buss AS skal:

  • Ha høgt fokus på bevisstgjering og opplæring i miljøvennleg og sikker køyrestil for å redusere utslepp og skader
  • Ha eit bevist miljøforhold til leverandørar ved å sette miljøkrav ved innkjøp
  • Aktivt følgje utvikling innan miljøområdet ved å søkje ny motorteknikk og nye drivstoffløysingar, samt prioritere miljømerka eller miljøtilpassa produkt ved innkjøp
  • Jobbe aktivt for at fleire reiser kollektivt
  • Ha høg kvalitet og strenge rutinar i avfallshandtering og jobbe aktivt for å redusere energibruken
  • Engasjere seg i kontinuerleg forbetring av leiingssystemet for miljø for å forbetre eigen miljøprestasjon.

Våre miljømål 2020

  • Redusere dieselforbruket på store bussar med 2 %
  • Redusere tomgangskøyring med 2 %
  • Tal skadar i 2020 skal ikkje overstige 130
  • Redusere tal kjemikalieprodukt med 10
  • Ikkje ha uønska hendingar som medfører vesentleg miljøutslepp